Aktiviteter

Fjærland og brèane

Du kan køyre bil til Balestrand, parkere der, og starte brèturen der frå. Eller du kan spasere ned på ferjekaien på Dragsvik og krysse over med bilferja til Hella.

På Hella går du frå bilferja og over på ein turistbåt ( kun passasjerar) som går vidare inn Fjærlandsfjorden til brèbygda Fjærland. I resepsjonen kan du få detaljerte tider om avgangar, returtider etc. Det andre alternativet er å køyre bil eller ta buss til Balestrand sentrum, parkere der og gå på turistkontoret å kjøpe dagsturbillett til heile rundturen inkludert båt, buss opp til brèmuseet , brèen og returen tilbake til Balestrand. Båten går to gonger om dagen frå Balestrand sentrum i perioden 1 juni til 31 august.

Båtreisa til Mundal i Fjærland er ei flott oppleving på den blå – grøne stille Fjærlandsfjorden opp mot brèen. Ein buss / minibuss ventar på båten på kaien og bringar deg til brèmuseet , der vert det stopp og tid for å sjå på spennande utstillingar, sjå den vakre Ivo Caprino brèfilmen, klimaparken, med meir. Etterpå køyrer bussen opp til brèen der du får sjå brè på nært hold. Her kan du også gå på cafè før bussen bringar deg tilbake til Mundal, båten, og de returnerer til Balestrand.

Du kan enten gå av på Hella, og ta ferja tilbake til Dragsvik, eller bli med båten til Balestrand, hente bilen din eller ta buss ein time seinare til Dragsvik. Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Solvorn, Urnes og Marifjøra

Du kan ta ferja frå Dragsvik og ved ankomst Hella køyrer du via Leikanger til Sogndal. Ta til høgre etter rundkøyringa, køyr rett fram, etter Sogndal sentrum mot Oslo/ Mannhiller, men merk; ta til venstre igjen før brua ( skilta til Lom )

Etter 15 – 20 min tek du til høgre, skilta til Solvorn ( 5 km). I Solvorn er det fint å ta ein stopp, slappe av og besøke dei ulike attraksjonane som finns der, bla «Galleri Walaker» og dei fine utstillingane, sjå flotte eple hagar og rusle i den vesle sjarmerande bygda.

Frå Solvorn kan du ta ei lita ferje ( tek bilar også) over til Urnes og sjå den vakre Urnes stavkyrkje som er på UNESCO si verdsarvliste. Det er ein liten rusletur å gå opp ein bakke, men ein kan køyre eit stykke opp og parkere nærmare kyrkja. Ta ferja tilbake etter besøket på Urnes, eller køyr med bil vidare inn Sognefjorden til Luster og returner via Skjolden og Gaupne tilbake til Sogndal.

Eller du kan køyre tilbake på hovudvegen etter Solvorn og køyre på vegen nokre minutt vidare til Marifjøra, ta av til høgre, 3 min ned ti l fjorden. Ta eit stopp her, i enda ei vakker fjordperle. Viss du har tid kan du ta ein båt-tur på Lustrafjorden frå Marifjøra.

Køyr tilbake same vegen til Sogndal og tilbake til Dragsvik. Deler av denne turen, bla til Urnes, kan du gjere med offentleg buss transport. Kontakt hotellet for informasjon om tider. Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Gaularfjellet

Du kan køyre frå hotellet gjennom dei to små vakre fjordane, Sværefjorden og Vetlefjorden. Det tek ca 20 min å køyre dit. Etter å «klatra« med bilen opp dei 9 hårnålsvingane, kan du ta ein velfortent og nytande stopp ved Utsikten, som no bygger eit spektakulært utsiktpunkt. Du køyrer her på Nasjonale turistvegar.

Over fjellet passerer du Nystølsvatnet og du kan gjere eit stopp ved parkeringsplassen og ta ein liten vandretur. Følg raud merka sti til Torsnesstølen. Du kan også fortsette langs Sværaskarvatnet og gå ned dalen, Sværaskaret. Men den enklaste rutaer å gå tilbake på same stien til parkeringsplassen.
Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Sogn Folkemuseum og Kaupanger stavkyrkje

Du kan ta ferja frå Dragsvik til Hella, køyre til Sogndal, passere sentrum og køyre over brua i retning Mannhiller/Oslo. Etter 5 – 10 minuttar frå Sogndal kjem du til skogsområde på Kaupanger og du vil sjå eit skilt til Sogn Folkemus eum på høgre side av vegen.

På folkemusèet på Kaupanger « De Heibergske samling er» kan du få ei stor oppdagelsesreise og lære om gamal tid, sjå gamle hus, bygningar og lære om levemåten før. Det finns og mange flotte utstillingar og aktivitetar for barn.

Turen kan kombinerast med eit besøk på båtmusèet på Kaupanger som har utstillingar av gamle båtar som har blitt brukt på Sognefjorden opp gjennom tidene. Sogn Fjordmuseum og Båtmusèet er separate utstillinar og ein del av Heibergske samlinger, plasserte på Kaupanger ferjekai. Fem minuttars køyring frå hovudmusèet.
Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Vandering i Balestrand

KREKLINGEN NATURSTI ( 90 – 250 m.o.h.) BALESTRAND

Start ved Belehalli idrettshall som er ca 2 km frå Balestrand sentrum. I fyrste del av stien kan du lesa plakatar om flora og fauna. Følg deretter skilt mot Granlia/Skåsheim og gul merking. Frå Granlia kan du anten følgja gul merking til Sandstølen (kort rute) eller til Skåsheim (lengre løype). Dekket på stien er grus/gras og den er ca 50-60 brei. Joggesko er godt eigna og vegen kan nyttast til off-road sykling.

KULTURVANDRING I BALESTRAND SENTRUM

Det er fint å vandre gjennom Balestrand si historie og notid frå kaien i sentrum, sjå Kviknes Hotel frå fjordsida, vandre langs den idylliske Vil lavegen langs fjorden, sjå over 100 år gamle kunstnarvillaer, besøke St Olavs kyrkje, Gravhaugane frå vikingtid og statuen av kong Bele. Langs vegen finn du informasjonstavler som fortel om det du ser. Lengd er på ca 3,5 km langs fjorden – lett vandring på veg.

RAUDMELEN (972 m.o.h)

Ved idrettshallen i Balestrand startar dei merka na turstiane. Vi vel rød løype mot Raudmelen. Turen går først langs den merka natur/in formasjonsstien (som er en alternativ enkel tur. Den er barne/familievennlig med mange tilrettelagte bål/rasteplasser langs vegen – totalt ca 5 km merka løyper.), men vi vel snart å ta av frå denne og følgjer rød løype oppover i lia. Etter ein forholdsvis bratt stigning er det godt med en pause på Orrabenken (370moh). Nydelig utsikt over Balestrand sentrum og Sognefjorden. På klare dagar kan vi sjå heilt til Hurrungane i Jotunheimen herfrå.

Dei som har gått oppover lenge nok, kan no velje blå løype via Bala- og Fjærestadstølen vidare frå Orrabenken (Total tid på denne alternati ve turen er 3-4 timer).

Forset vi vidare oppover kjem vi til Buråsi (575moh ) og vi ser vi at det var vel verd strevet. Eit fantastisk panorama over Sognefjorden opnar seg og vi har utsikt til alle kantar. Etter å ha fått litt å drikke (NB – det er ingen drikkekjelder langs turen, så ta med godt med vatn) på benken der oppe går vi vidare mot toppen. Vi går no langs ryggen på fjellet og har god utsikt ned begge sider av fjellet. På den eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På topp en blir du lønna av en fantastisk utsikt over midtre Sognefjordområdet. Etter avslapping, nytt utsikten og kanskje litt mat, er det berre å returnere nedover same veg som opp. Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Brèvandring på Nigardsbrèen

Du kan oppleve den store Jostedalsbrèen på nært hold og delta på ei brèvandring på Nigardsbrèen i Jostedalen. Den guida brèvandringa må bestillast på førehand, på www.bfl.no eller på www.icetroll.com

Etter du har kryssa fjorden frå Dragsvik til Hella, kan du ta buss frå Hella til Sogndal, eller du kan ta med bil og køyre heile vegen til Jostedalen. Endå eit alternativ er å leige bil frå www.leigebil.no. ( bringar bilen til Dragsvik) Velger du buss, byter du buss i Sogndal og tek denne heile vegen opp til Brèsenteret der guidinga startar.

Dra tilbake til Dragsvik på same måten med buss og ferje, eller returner i eigen bil. Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

Gamalosten i Vik og Fridtjovstatua på Vangsnes

Rett over fjorden frå Dragsvik/ Balestrand ligg kul turbygda Vik. Det finns to måtar å ta dagstur til Vik. Enten kan du ta ekspressbåten frå Balestrand til Vik ( 10 min ), eller du kan ta ferje frå Dragsvik til Vangsnes og buss vidare til Vik.

Det er fint å tilbringe nokre timar i Vik, vandre « Sølvring» - kultur løypa, og spasere opp til Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. Etter denne vandreturen er det fint å ta ein stopp ved Ostebaren i Vik sentrum , der du kan smak e på Gamalosten, også lære litt om korleis den blir produsert. Koseleg stad å få smake på dei lokale produkta.

Det er tid for å returnere, og du kan enten ta ekspressbåten tilbake frå Vik til Balestrand, eller du kan ta bussen tilbake til Vangsnes. Hugs då å stå over ei ferje og besøk den enorme Fridtjovstatua som står i Fridtjovsparken oppe i bakken. Lær litt om den vakre historia om Fridtjov den Frøkne og Ingebjørg, og kjærleikshisto ria om dei to.

Returner med ferje tilbake til Dragsvik. Les mer: SMÅTURAR I NÆRMILJØET og FJELLTURAR

DAGSTURER

FJELLVANDRING

PÅ FJORDEN

DAGSTURER

Det ideelle utgangspunkt

Hotellet vårt ligg midt i Sognefjorden og er ideell base for å dra på dagsturar til Jostedals – brèen, til kysten for å besøke vakre øyar og du kan ta fjordturar på Nærøyfjorden som er på UNESCOs verdsarvliste. Mykje meir kan du oppleve.

FJELLVANDRING

Anbefalte fjellturar

I dette landskapet er det unike turmuligheiter til fjells og ved fjorden. Du kan bestige høge fjelltoppar og oppleve den mest spektakulære utsikt. Mange vandreruter er moderate også med god utsikt. Alle godt merka i ulike vanskegrad.

PÅ FJORDEN

Vakkert frå fjordsida

Å utforske naturen frå fjorden kan vere ei stor oppleving. Der ser ein verkeleg kor mektige fjella er. Du kan bli med på båt tur med Rib. Turar fører deg til fossefall lenger inne i fjorden og til veglause grender på sørsida av Sognefjorden.