BALESTRAND

Balestrand er ein tradisjonsrik turiststad på nordsida av Sognefjorden, som ligg vakkert til mellom høge majestetiske fjell, og fjordarmar som strekker seg inn i landskapet. Langs dei små fjordane ligg det små sjarmerande bygder og grender, der det bur folk som driv gard eller pendlar til arbeid i Balestrand sentrum eller til andre bygder i regionen.

Landskapet i Balestrand og det spesielle nordiske lyset har i lange tider inspirert kunstnarar som oppdaga området på 1800 talet. Kunstnarane som kom og den kjende islandske sagaen om Fridtjov den Frøkne, har vore med på å gjere Balestrand kjendt ute i verda, og har fått mange tilreisande til å kome hit. Fleire kunstnarar busette seg i Balestrand og bygde seg villaer i sveitserstil som står langs kulturløypa i Balestrand.