BELIGGENHEIT

Hotellet ligg idyllisk ved Sognefjorden på ei halvøy mellom fjord og fjell, og med utsikt til Jostefonn, ein liten isbrè knytta til Jostedalsbrèen Nasjonalpark. Frå hotellet er det også fin utsikt til sentrum, turistbygda Balestrand.

Staden egnar seg for deg som ønskjer fred og ro, og gjerne vil gå på turar i fjellet, nyte livet ved fjorden eller berre ta det med ro og nyte den vakre utsikten.

Dragsvik er perfekt utgangspunkt for å ta dagsturar for å besøke attraksjonar og vakre bygder i Sognefjorden, eller delta på spennande aktivitetar. Midtvegs inn i den 200 km lange Sognefjorden, ligg hotellet. Berre 300 meter frå bilfergjekaien som er innfallsporten til Balestrand kommune, og 9 km frå Balestrand sentrum, ( kun 10 min med bil/buss), og dermed sentralt nok til å kunne nå det meste langs Sognefjorden.

Perfekt base er det også for deg som er på bilferie, med Nasjonale turistveg over Gaularfjell rett utanfor døra www.nasjonaleturistveger.no/en/routes. Kan enkelt ta ei rundreise i fjorddistriktet eller til kysten.

Om du reiser på eiga hand, og søker ein base litt utanfor travle sentrumsmiljø, vil du her oppdage eit fantastisk landskap og ein ideell stad for rekreasjon i turistbygda Balestrand.


Kart og veibeskrivelse

Levert av Det Norske Kartselskap AS

VI TILBYR

Overnatting

Gjesterom

Fra kr 630 p pers
inkl.frokost

Enkeltrom, dobbeltrom og familierom på opptil 4 pers

Komfortrom

Fra kr 750 p pers
inkl.frokost

Komfortrom for 2 pers, og leiligheiter for 2 pers

Hytter

Frå kr 790 p døgn

5 hytter i frukthagen med plass for 2, 3 eller 4 pers

Ideell stad for utandørs aktivitetar

Lette fotturar

Stivandring

Lette vandreturar i nærmiljøet, langs fjorden eller litt opp i høgda.

Fjellturar

Stivandring med fjordutsikt

Fjellturar med moderat vanskegrad til fjell med panorama utsikt.

Toppturar

Frå fjord til fjelltoppar

Vi er i eit område med toppar på over 1000 meter, opplevelse for livet!

Spisesal - Salong - Uteområde

Spisesal

Måltid med utsikt

Vi tilbyr eit middagsmåltid eller ein enkel rett i koseleg atmosfære.

Salong

Føl deg vel

I koselege salongar er det stille og role g, eller om du vil kan og du sjå på TV.

Utendørs

Utsikt i fleire retningar

I uteområde kan du finne deg ein stol og nyte fjord og fjellutsikt i fleire retningar.

Fin beliggenheit

Dragsvik

Perfekt base

Hotellet ligg ved ei halvøy, midt i Sogne - fjorden, 9km frå Balestrand sentrum.

Balestrand

Bygdeperla ved Sognefjorden

Kjendt turistbygd med tradisjonar, og kunstbygd med historie tilbake til Keiser Wilhelm II si tid.

Sognefjord

Verdas lengste fjord

Sognefjorden er kjent ( 202 km) for den lengd og de i armar den strekker ut, til brear, fossefall og djupe stup.

BOOKING
Kontakt

natur i verdsklasse

den maleriske stille fjor

vinterstemning

NATUR

Natur i verdsklasse

Naturen her er vakker, det finns mange fine bygdeperler langs heile Sognefjorden både på nordsida og på sørsida av fjorden, og både frå innerst i fjellheimen og breheimen til ytterst i kysten med alle dei vakre øyane

ESEFJORD

Den maleriske stille fjord

Esefjorden er spesiell med sine majestetiske fjelltoppar og den stille fjord. Vindreken, det stupbratte fjellet rett opp frå Esefjorden har gitt inspirasjon til mange kunstnarar som har måle flotte maleri akkurat heri frå

ÅRSTIDER

Vinterstemning

Alle årstider merker seg ut med kvar sin sjarm. Vår en er vakker med fruktblomstring og snø på toppane, sommaren er grøn, frisk og nydeleg, hausten er rik på fargar ved fjord og i fjell og lyset om vinteren skaper stemning