DRAGSVIK

Dragsvik er ei lita perle som har unike natur kvalitetar og ligg på nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Det bur ikkje så mange fastbuande menneske på Dragsvik, naturen tiltrekker, og fleire byggjer seg feriehus her. Det er mange fine turmuligheiter og merka stiar i skog, mark og til fjells.

Det lett å kome seg til Dragsvik, spesielt med bil. Ferja kryssar Sognefjorden frå Hella og Vangsnes frå sørsida av Sognefjorden, og Dragsvik. er innfallsporten til Balestrand. Kjem du med ekspressbåten frå Bergen eller Flåm, er innfallsporten Balestrand sentrum/kai. Derifrå kan du ta buss til Dragsvik, eller du kan bestille transport ved å kontakte hotellet.