Me kjøper frå lokale bønder, Tjugum gard og Rendedal gard, Fjærestad gardsbakeri, Keipen lokalmat og Alm gard med fleire.
Energiøkonomisering har me teke på alvor. Oppvarming er no overført til varmepumper og har installert reinbrent peis. Det er installasjon av luft til vatn varmepumpe og varmtvatn. Me har starta utskifting av vindauge til tre – lags og oppgradering og etterisolering av ein vegg på hovedbygningen.
Oppnådd reduksjon av energi er per no på 25 %.
For oss er det viktig å skape miljø og trivsel både for gjester og tilsette, og du kan bli glad i naturen her. Me håpar du set pris på å vere gjest hjå oss og at me skaper varige minner for deg på dei miljøpremissar me har valgt.
Me håpar du vil besøke oss, og besøke oss igjen og igjen.
Velkommen!