Velkomen til det gode livet ved fjord og fjell

Dragsvik Fjordhotell


Ved idylliske Sognefjorden omgitt av vakker natur på halvøya Dragsvik i Balestrand, ligg det vesle, særeigne hotellet vårt.

Her kan du nyte fredfull idyll med praktfull utsikt til fjord, fjell og bre. La blikket falle ut over fjorden og senk skuldrane, langt bort frå kvardagens mas og kav.

 

Fokuset vårt er atmosfære og ro, og me ynskjer at du skal finne deg til rette og kjenne at du slapper av. Her kan du nyte lokale smakar på bordet.

Det er kort veg til kunstbygda Balestrand og flotte naturopplevingar ligg tett på. Me ligg langs den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet, og like ved fergeleiet.

 
Velkommen til Dragsvik Fjordhotell i Balestrand

“Hjå oss bur du på eit tidlegare gardsbruk midt i det vakre fjordlandskapet”

Her hjå oss kan du nyte fantastisk utsikt i alle retningar og naturen venter på dørterskelen.

Det er lett å bli glad i denne plassen, og me vil så gjerne dele naturopplevingane, utsikta og atmofæren med deg.

Vår familie har vore her gjennom generasjonar og har sett sitt preg på hotellet. Du er hjarteleg velkommen til å oppleve det.

Våre rom

Gjenom generasjonar med utviding og renovering har hotellet fått sin heilt særeigne stil. Hjå oss finn du rom i ulike størrelser med eigne stilar, og ikkje ei romløysing er lik. Me elskar bortgjøymde krokar, overraskande vinklar, og tek me dei vekk - så mister me litt av historien vår. Difor er me ikkje eit heilt vanleg hotell, me bygger på det originale med moderne innslag. Historien er ein del av oss - og me er ein del av historien.

Våre hytter

I hagen finn du våre sjarmerande hytter. Fra utsida ser dei like ut, men hyttene er ulike inne. Kvar hytte har sitt eige særpreg, og sjølvsagt har du utsikt og uteplass. Hyttene har kjøkkenkrok og bad, og kort veg til både fjorden og hotellet. Hyttene er i ulike størrelsar og stilar. Hyttene ligg med god avstand til kvarandre, omgitt av grønt fjordgras på alle kanter. Når gjekk du barbeint i graset sist?

Opplevingar

Kjenn vinden ruske i håret på ein fjord-RIB tur, eller berre rusle i hagen? Du kan setje kursen til fjords eller til ein unik fjelltopp. Frå hotellet vårt er det berre eit steinkast til fjorden, og naturopplevelsene står i kø like rundt hjørnet. Balestrand, med reiselivsmuseum og kulturtilbod ligg kun ein kort sykkel- eller køyretur unna. Vil du roe heilt ned? Set deg gjerne med ei god bok og noko godt i glaset òg.

 

Bedriftspakker

Me ynskjer å gi deg og medarbeidarane dine eit minnerikt besøk med gode opplevelsar  som gir kreativitet og nye idear blir skapt.

 

Har du planar om å arrangere ein konferanse, ei møtesamling eller eit teambuilding- treff som gir deg og teamet ditt eit pusterom i kvardagen og rom for å tenkje.
Ta då praten rundt møtebordet eller middagsbordet og topp det heile med å gå ein fin rusletur, få servert bålkaffi, ta ein skogstur, fjelltur eller topptur.

Sjå moglegheiter her

“I eitt med naturen”

Me har eit stort uteområde der ein kan rusle rundt og berre

eksistere, gå ein liten tur på ein enkel sti nærare fjorden, eller finn

deg ei bortgøymd perle.

Hagen vår er stor og full av små krinkar og krokar der ein kan stikke

seg vekk for eit stille øyeblikk, nyte ei bok eller gå i eigne tankar.

Kanskje vil du stikke føtene i fjorden?

Sjå meir av stemninga hjå oss

Her kan du sjå bilder frå hotellet og naturen rundt oss.

Vertskapet på Dragsvik Fjordhotell.jpg

Me er her for deg

No arbeider 3. og 4.generasjon saman om å gjere vårt kjære hotell til ein plass der du skal føle deg som heime.