OPPLEVINGAR HJÅ OSS
Her er eit utval av våre opplevingspakkar som du kan bestille ekstra for opphaldet ditt. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.
Dagskvil ved fjorden
Lån med deg hengekøye, kart, og tjukkelabbar i ein sekk, og ta deg ein kvil i det fri.Ta med deg den gode boka du les, eller podkast på øyra medan du slappar av ved fjorden.
Kanskje det dukkar opp ein fisk medan du ligg der.
Me tek hand om hengekøye-snacksen.
Pris per person kr 190,- | Book rom og aktivitet her
Tur & lunsjpakke - Kløyvd 405 moh
Fottur i nærområdet vårt som gir deg fin utsikt til Balestrand sentrum, Esefjorden og dei vakre fjella. Denne turen er fin uansett årstid.
Her kan du gå i merka sti, eller følgje grusvegen. Har du gode sko, godt humør, tursekk og ei flaske vatn - så stiller vi med mat til turen - heimelage bakverk, lokal drikke og ei sunn overrasking. Varigheit: 1-3 timar
Pris per person kr 400,- | Book rom og aktivitet her
Romantikk, gode smakar & utsikt
Vil du at me skal finne ein roleg og fin plass til deg og din kjære?
Her kan du nyte lokale smakar og noko godt i glaset - utan forstyrring frå andre
Me finn eit fint bord i hagestova, ute i det fri eller i lysthuset.
Pris per par kr 500,- | Book rom og aktivitet her
Historia vår
Vi vil gjerne dele historia vår - om familiegarden som vart gjestehus og hotell.
Enkelte kvelder og ved forespørsel
Vertskapet fortel historia frå starten i 1953 og fram til idag. Om den gong det var gardsdrift og veglaust her- og fram til i dag.
Pris: Gratis
Dagskvil i skogen
Lån med deg hengekøye, kart og tjukkelabbar i ein sekk, og ta deg ein kvil i det fri.
Ta med deg den gode boka du les, eller podkast på øyra medan du slappar av i naturen.
Kanskje du får besøk av eit ekorn medan du ligg der i skogen.
Vi tek hand om hengekøye-snacksen.
Pris per person kr 190,- | Book rom og aktivitet her
Tjugatoten og lunsjpakke - 1098 moh
Fottur frå Dragsvik fjordhotell til toppen vår Tjugatoten 1098 moh. Godt merka sti for erfarne turgåarar.
Har du gode sko, godt humør, ei flaske vatn og ein tursekk - så stiller me med mat til turen - heimelaga bakverk, lokal drikke og ei sunn overrasking
Frå toppen får du panoramautsikt til fire fjordarmar av sognefjorden og fantastiske fjelltoppar.
Pris per person kr 400,- | Book rom og aktivitet her
Din eigen fjordspot
Din eigen uteplass der berre du kan vere.
Her kan du vere for deg sjølv - nyte utsikta og freden saman med din kjære eller beste ven.
Bestiller du eit komfortrom på hotellet, kan du få reservert din eigen plass ved fjorden og med den beste utsikta du kan ynskje deg. Her er det gode stolar for to, kald / varm drikke og teppe på kjølige dagar. Ynskjer du ei enkel piknikkorg så ordnar me det på bestilling
Her kan du drøyme deg bort, lese ei god bok eller berre slappe av
Pris per spot kr 500,- frå ankomst til avreise | Book rom og aktivitet her
Bad i Sognefjorden heile året
Vågar du å hoppe i Sognefjorden uansett vær?
Med tjukkelabbar og varm valgfri drikke, som ventar på land- kan du gjere det.
Du får leige sjøstøvlar, tjukkelabbar og handduk i korga, og ei morgenkåpe du kan ha på deg. Er det vått og kaldt varmar me opp i hagestova.
Pris per person kr 190,- | Book rom og aktivitet her
3 toppar, 3000 høgdemeter, 3 dagar
Samlar du på fjelltoppar? Her kan du verkeleg ta deg ut og nyte Balestrand frå tre spektakulære toppar.
Raudmelen med sine 978 moh er toppen opp frå Balestrand. På andre sida av fjorden ruvar Tjugatoten med sine 1098 moh. Også kjem sjølvaste, Keipen med sine 1421 moh der du kryssar Bjørnabreen.
Chef´s table
Chef´s Table er eit opplevingskonsept innan lokal mat og drikke. Dette er ein kveld utanom det vanlege her hjå oss på Dragsvik. Her får du ikkje vite på førehand det du får servert, og råvarene er alltid henta frå naturen og området rundt oss.
Opplevingar i nærleiken
ABORETUM
Kort spasertur frå hotellet til Lunde arboretum som ligg like ved den gamle og praktfulle prestegarden. Arboret er som ein liten park med mange ulike tresortar frå sydligare breiddegrader og frå heilt tilbake til 1800 talet.
EMALJEVERKSTADEN
Ekteparet Solveig og Rolf Haukaas arbeider med emalje på verkstaden sin som ligg 15 minuttars spasertur frå hotellet til Skrovlene. Open alle kvardagar. Som gjest på hotellet er du velkommen utanom opningtidene. Les meir her
TOPPTUR
Med Dragsvik som utgangspunkt kan du nå ei rekke flotte toppar. På merka stiar er Mastene med utsikt til fjord og fjell verdt turen, og Tjuatoten på 1098 moh med panoramautsikt over Sognefjorden og fjella. Fleire turar på Balestrand turkart.
VANDRING
Like ved hotellet finn du lette vandreruter, som fører deg til fjorden eller litt opp i høgden. På ettermiddag og kveld er det fint å nyte lyset og stemninga på fjorden. Klibberg natursti er enkel, der du opplev fantastisk natur som vi omgir oss med.
Balestrand Fjord Adventure
Vil du oppleve fantastiske sognefjorden med vinden i håret?
REISELIVSMUSEUM
Dersom du ynskjer å bli betre kjend med reiselivet si utvikling i Noreg bør du leggje inn eit besøk her.
KUNSTBYGDA
Balestrand er ei tradisjonsrik turistbygd med tilreisande tilbake til 1800 talet.
GAULARFJELLET
Gaularfjellet er kjende for dei 9 hårnålsvingane som klatrar opp langs bratte fjellparti.
Balestrand Fjord Angling
Bli med på ei fjordoppleving utanom det vanlege med Kaptein Tor.