Vinteropplevingar


 
 
Vinter på Dragsvik Fjordhotell

Vinter og avslapping ved fjorden

Hjå oss kan du senke skuldrene og ta dagen som den kjem. Vil du ta ein roleg spasertur opp i høgden, så kan du følgje skogsvegen til hytta Kløyvd, med panorama utsikt til Balestrand. Her kan du også fyre opp i ovnen inne i hytta eller i gruva ute. Du kan gå vidare oppover om føre tillet det. Eller du kan ta ein kort rusletur til aboreet på Lunde og til bålhuset Reiret, rett ved fjorden med den flottaste utsikt utover Sognefjorden.

Det er friskt å ta ein tur på fjorden, så me anbefaler verkeleg at du tek deg ein ribtur og oppdagar dei fine perlene frå fjordsida. Eller vil du bli med på fisketur og prøve fiskelykka så vil du garantert få ei fin oppleving på vinterfjorden. I Saurdalen er det flotte tilrettelagte skiløyper, eller om du heller foretrekker å ta ein trugetur så kan du få leige det, også med guide dersom ynskjelig.

Ledige helger i 2022:


21 april -24. april
28 april - 01 mai

For opphald, program og booking - ta kontakt - eller send en forespørsel.

Topptur i Balestrand fra Dragsvik Fjordhotell

Vil du bli med på topptur?

Dragsvik fjordhotell er eit fantastisk utgangspunkt for å utforske fjellområdet her. Her kan du bli med på dei mest spektakulære toppturar der du kan nyte den flottaste utsikt mot fjordane våre på veg oppover og nedover fjellsidene.

Me kan nemne turar i Saurdalen, til dømes til Igdedalseggi, Munkeggi og Raunekletten. Opp i frå Balestrand sentrum til Raudmelen med fantastisk utsikt over bygda Balestrand og Sognefjorden. Du kan også nå Keipen med guide, sjølve juvelen blant toppane. Her tok deltakarane i 71 grader nord seg opp på ski frå Dalsdalen på 17. mai i 2021.

Når vårsola kryp lenger opp på himmelen og Gaularfjellsvegen opnar, er det mange moglegheiter for skitur til Johannesberg og Gottopphesten.

Vertskapet på hotellet deler gjerne tips for aktivitetar. Me samarbeider med aktørar som tilbyr aktivitetar og hjelper deg gjerne med å planlegge dagen.

Ledige helgar i 2022:


21 april -24. april
28 april - 01 mai

For opphald, program og booking - ta kontakt - eller send en forespørsel.