Berekraft på den grøne halvøya

Den grøne halvøya

Hotellet vårt ligg på den grøne halvøya Dragsvik i Balestrand, der halvøya er på det smalaste. Her er det grønt og store deler av Veganeset er kledd av skog. Me som driv det vesle familiehotellet veit at det me lever av er den spektakulære naturen rundt oss.

Planter, bier, blomster – og fjorden må ivaretas, slik at våre gjester kan sitje i ein grøn og blomstrande hage og nyte ein kopp te.

Dei første turistane som kom til Balestrand var kunstnarar og fjell-vandrarar. Naturen, lyset og fjella har gitt inspirasjon og gir inspirasjon den dag i dag.

Her på vår lille grøne halvøy kan du rusle langs fjorden og vandre i naturen og nyte fine utsiktspunkt. Vi ynskjer at du skal finne roen og få ein følelse av energi, livsglede og kjenne på kvilepuls.

Miljøfyrtårn

Me tenkjer på framtida og vil ta vår del av ansvaret for å verne om naturen gjennom berekraftig hotelldrift og er opptekne av å tenkje på miljøet og levere naturleg kvalitet. Dette har me med oss i alt me gjer frå innkjøp, matproduksjon av kortreiste og lokale råvarer, til stell av rom.

Tenestene me leverer og maten me tilbyr skal passe inn i vår grøne verden. Du skal kjenne dei lokale smakane.I ei verden der overforbruk er eit stort problem vil me ta vår del av ansvaret, verne om naturen og sikre god drift både sosialt og økonomisk berekraft fro oss sjølve og samfunnet rundt oss. Me ynskjer å vere ei bedrift som både gjester, samarbeidspartnarar og leverandørar kan stole på.

Me er sertifiserte som Miljøfyrtårn. Her blir me aldri utlærte og me vil stadig forbetre oss. Økologiske produkt er i bruk til reinhald og såpe, og me har vårt merke SKOG –WOOD. Råvarene våre på kjøkkenet er kortreiste og lokale så langt det er mogleg, og me kildesorterer og arbeider hardt for å redusere matsvinn.

Lokalt fotavtrykk

Me kjøper frå lokale bønder, Tjugum gard og Rendedal gard, Fjærestad gardsbakeri, Keipen lokalmat og Alm gard med fleire.

Energiøkonomisering har me teke på alvor. Oppvarming er no overført til varmepumper og har installert reinbrent peis. Det er installasjon av luft til vatn varmepumpe og varmtvatn. Me har starta utskifting av vindauge til tre – lags og oppgradering og etterisolering av ein vegg på hovedbygningen.

Oppnådd reduksjon av energi er per no på 25 %.

For oss er det viktig å skape miljø og trivsel både for gjester og tilsette, og du kan bli glad i naturen her. Me håpar du set pris på å vere gjest hjå oss og at me skaper varige minner for deg på dei miljøpremissar me har valgt.

Me håpar du vil besøke oss, og besøke oss igjen og igjen.

Velkommen!