Restaurant Jostefonn

Sett deg til bords i restauranten vår og la auge falle på fjord og fjelltoppar med glimt av Jostefonn - ein liten bré ved sidan av den store Jostedalsbrèen. Smakar maten bedre med den vakraste utsikten frå bordet?

I den vesle restauranten vår Jostefonn, serverer vi tradisjonelle rettar og husets spesialitetar basert på lokale råvarer. Me prøver å holde oss så lokalt som mogleg.

For oss som er små ligg det stoltheit i å bygge kvarandre sterke i eit lokalsamfunn. Difor ynskjer vi å handle så lokalt som mogleg.

Hjå oss kan du få husets hjorteburger eller lam som har beita i Grøndalen nær Jostefonn, eller kalv frå nabogårdane og lokalt røykt laks frå fjorden. 


OPNINGSTIDER

Vår restaurant Jostefonn er ope for middagsservering klokka 18.00 til 21.00 kvar kveld i sommarsesongen.

Vi serverer a la carte meny, nokre kvelder tilbyr vi kokkens tre-retters meny.

I periodar utanom sesong har vi diverse arrangement, som Chefs Table i samarbeid med kokkane i Matgal.

Ta gjerne kontakt med oss for forespørsel om matservering eller arrangement.

 
På Dragsvik Hotell kan du nyte ei stille stund i hagestova

Uteterasse & hagestove

Fjordutsikta er alltid best ute og me har ei flott uteterrasse og ei stor hagestove der du kan nyte utsikta i fulle drag.

Her sit du komfortabelt og fredfullt, og kan la blikket skape deg eit minne for livet. I det vesle lysthuset driv vi ein liten koseleg butikk.

På uteterassen og i hagestova kan du få servert kaffi, te og forfriskningar og det hender me har små arrangement.

Ynskjer du å innta ein lunsj eller middag i hagestova er det berre å ta kontakt. Vi hjelper deg gjerne.