Me treng alltid flinke folk!

Jobb som kokk på Dragsvik Fjordhotell

Brenn du for å gi gode matopplevingar?

Vi er på leit etter entusiastisk kokk for sommarsesongen med sans for høg kvalitet på maten, der vi bygger på gastronomisk kreativitet, trendar i matfaget og tradisjonar.

Er du motivert, fleksibel, positiv og likar å jobbe i eit lite team med fokus på utvikling av matkonsept vil vi gjerne ha deg med på laget.

Erfaring frå kokkebransjen er nødvendig, fagleg profesjonell utdanning er eit pluss, men ikkje eit krav. Kvalifikasjonar, kvalitet og samarbeid blir sett i høgsetet.

Gode betingelser for rette vedkommande. Skaffer bustad. Kontakt oss gjerne her

Jobb som reinhaldar på Dragsvik Fjordhotell

Likar du å arbeide effektivt og sjølvstendig, men samstundes vere ein del av eit triveleg og lite team?

Me tilbyr stillingar som reinhaldar - for gjesterom og felles lokaler. Det vert også moglegheit til å supplere med frokostvakter.

Me søkjer både deg som er ung og ny i faget, som har lyst til å prøve deg i yrket, men også gjerne deg som har erfaring frå reinhald, evt. hotell og restaurant arbeid.

Er dette noko for deg? Ta gjerne kontakt her

 

Jobb som servitør / servicearbeider på Dragsvik Fjordhotell

Vi leiter etter ein servicearbeider som også fungerer som vert og servitør. Du blir ein viktig del av vertskapet med å dele dei gode opplevingane for gjestene våre.

Me ser helst at du har erfaring frå serviceyrket, at du likar å arbeide med menneske og er over 20 år.

Me er eit lite team og ser etter personar som er med på å utvikle bedrifta og ta i eit tak når det er hektisk. Hvis du er den som ynskjer å vere med å løfte bedrifta til nye høgder ynskjer vi deg velkommen til å søkje.

Gode betingelser for rette vedkommande. Skaffer bustad. Kontakt oss gjerne her

Åpen søknad

Dragsvik Fjordhotell er eit lite familiedrevet hotell som ligg i naturskjønne omgivnadar på halvøya Dragsvik, like ved Balestrand ved den vakre Sognefjorden

Hotellet har ein liten Resturant og hagestover med uteserving og fantastisk utsikt til fjord, fjell og bre. Våre 18 rom har ulik utsikt, og ulik sjarmerande innreiing. Vi ynskjer å levere ekte og autentiske opplevingar til våre gjester, og kvaliteten på servicen og maten står høgt, og alle våre rettar baserer seg på lokale råvarer.

Dragsvik fjordhotell skal vere ein stad der gjestene våre kan senke skuldrene, hygge seg og nyte naturen og den gode matopplevinga.

Me vil gjerne ha deg med på laget. Send oss ein open søknad her.