Våre rom

Dragsvik hotell har rom i unike former og fasonger - og ikkje eit einaste rom er likt. Mykje av historia vår ligg i veggane og vi elskar dei originale vinklane på romma og som også set sitt preg på heile hotellet.

Slapp gjerne av i ei koselig sittegruppe på rommet ditt. Nyt utsikten eller les litt om aktivitetar og opplevingar i nærområdet som du finn i informasjonsheftet på rommet. TV er ikkje på rommet.

Dette er eit bevisst val vertskapet har gjort, slik at du heller kan nyte den vakre naturen medan du er her.


 
 
Dobbeltrom med utsikt på Dragsvik Hotell i Balestrand

Dobbeltrom

Koselege gjesterom i hotellet. Gjesteromma har gode senger, ei enkel sittegruppe for avslapning og utsikt i ulik retning. Vi har trivelege dobbeltrom i ulik størrelse og stil for inntil 2 personar.

 

Komfort Dobbeltrom

Romslege komfort gjesterom i hotellet og i villa Bergtun. Komfort romma har gode senger, sittegruppe og fin utsikt med god plass til 2 personar. Romslege bad. Romma har ulik stil og sjarm med kvar sitt særpreg.