HISTORIA VÅR

 
 

Familiegarden som var gjestehus og hotell

Velkommen til vårt hotell – eit voksen venleg lite hotell som ligg ved Sognefjorden mellom høge fjell og djupe fjordar. Med den vakre turist - og kunstbygda Balestrand på den eine sida, og munningen til Fjærlandsfjorden og brèen Jostefonn på den andre.Det var i 1949 at Gjertrud tok med seg dei to borna sine og rodde ut og til Dragsvik og starta det nye livet sitt her.

Der var gardsbruket med det vesle kvite huset og fjøsen. Her venta eit nytt liv, her ville ho bu og realisere draumen sin. Og her ville ho bygge det nye gjestehuset sitt. Dette er begynnelsen til historia om hotellet vårt.

I dag er vi tre generasjoner vertskap. Me deler på arbeidsoppgåvene, og kulturarven står i høgsetet. Me i det vesle teamet vårt gjer vårt ytterste for at oppholdet ditt skal bli minnerikt og ekte.

Vårt miljøvenlege hotell har sitt særpreg i samansett småhus-stil og bygd i tradisjonell norsk arkitektur. Me prøver vi å innreie med interiør og fargar som utstråler harmoni og er i tone med naturen, og me vil også gjerne utstråle ein følelse av intimitet og hygge. Jordnære farger i kombinasjon med stein og treverk skal vere element som kan gi deg ein følelse av ro og balanse.

Me håpar me kan ta godt vare på deg her!

 

Gamle Dragsvik - Gjestehuset Bergtun

FARNES

Gjestehuset Bergtun som ligg ved sida av hotellet, er eit hus som har ei historie og vart flytta med frå garden på Farnes då familien etablerte seg på Dragsvik. Bergtun er rusta opp i sin stil og inneheld i dag lyse og fine gjesterom


Gjertrud starta historien til Dragsvik Fjordhotell

GJERTRUD - GRÜNDERENKA

Gjertrud mista mannen tidleg og vart sitjande att med gard, butikk og postkontor aleine på Farnes. Ikkje lenge etter fekk ho anledning til å arve gard og jord på Dragsvik og valgte å flytte dit. Gjertrud var ei arbeisdame og ikkje lenge etter flyttinga så starta ho gjestehuset og historia vår.


I tidligere generasjoner var det Turid og Sigurd som drev Dragsvik Fjordhotell.

VERTSKAPET TURID OG SIGURD

Etter Gjertrud overtok Turid og Sigurd ( Gjertruds son ) drifta av gjestehuset. Turid og Sigurd vart vertskap frå midten av 60 talet. Dei la ned mykje arbeid og utvida fleire gonger, seinast i 1983 med fleire gjesterom og spisesal.


I dag drives Dragsvik Fjordhotell av tredje genenerasjon.

EI FAMILIEBEDRIFT i generasjonar

Dragsvik Hotell drives i dag av 3.generasjon og 4.generasjon i familien Farnes. Syskjenparet Anne Randi og Magnar, og Anne Randi si dotter Vida Maria, er vertskap.

 
 

Kulturarven

Det som ein gang var eit gardsbruk med hest, sauer og høner i fjøsen, potetåker, frukt og bær i hagen- er i dag ei grøn perle med mange små hus, bortgøymde sitteplassar og gode historiar frå ei tid som var.

Me har ein arv som bygger på historie og kulturskattar frå slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet. Den gamle ferdslevegen som går gjennom frukthagen, brygga der dei la til når dei rodde frå fjordbygdene lenger inne i fjorden, og turen var til banken eller til kyrkje, minner oss om dette. Og den gamle løa, steintuftene og det kvite huset som minner oss om det livet som var her.

Me er lidenskapeleg engasjerte i å ta vare på kulturarven vår, dei gamle bygningane og huset Bergtun som bestemor Gjertrud flytta med seg frå Farnes då ho ville busette seg i Dragsvik.

Naturen og plassen her er og med på å forma våre liv og interessa for å ta vare på naturen og kulturarven. Me prøver å ta vare på og utvikla bedrifta vår på naturen sine premissar og gjennom verdiane vi har lagt til grunn. Me tenkjer berekraft i alt me gjer.